Havpadling: Kursrekke

Norsk Kystkulturakademi tilbyr no ein av marknaden sine mest innhaldsrike og grundige kurs i havpadling!

Dette er ein kursserie som dekkjer:

  • Grunnkurs + teknikkurs
  • Turkurs
  • Aktivitetsleiarkurs

Me tilbyr også alle kurs på bestilling. Det må då vere minst 6 deltakarar.

Me har ein svært kvalifisert veileder til vår kursserie. Eivind Aadland arbeider som forskar og undervisar i idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har mykje erfaring og høg kompetanse innan havpadling og utdanning av aktivitetsleiarar.

Påmelding: send epost til post@nkka.no
Ring tlf. 992 33 857 eller 476 23 461 for nærare informasjon.

Kurset startar med fokus på bruk av effektiv padleteknikk, som framdriftstak, sveipetak og
styretak, ulike støttetak, sidevegs forflytning og ulike redningsteknikkar, deriblant eskimorulle og
bruk av taueline i skriftande vær- og sjøforhold. Teknikktrening og leik er sentralt. Det vert lagt
vekt på godt sjømannskap, der planlegging av korte og lengre turar, vurdering av vær- og
sjøforhold, navigering og sikker ferdsel er i fokus. Overnatting vil på deler av kurset vere i telt. (turkurs)

Vidare vert det arbeidd med ulike undervisingsmetodar og undervisingsprinsipp, samt organisering
og leiing knyta til undervising og veiledning i havpadling. I samanheng med dette vil ulykkesteori
og situasjonsbestemt leiing verte gjennomgått. Risikoanalyse vil bli gjennomført i gruppa knyta til
ulike aktivitetar. Innhaldet i emnet dekker innhaldet i Norges Padleforbund sitt «grunnkurs
havpadling», «teknikkurs havpadling» og «aktivitetsleiarkurs havpadling».

Les meir om våttkort og våttkortstigen på Padleforbundet sine heimesider: www.padling.no

Pris for heile kursserien = kr 8 500

(ved påmelding til heile kursserien får du 2500 kr i rabatt. Bindande påmelding)
Kost og losji kjem i tillegg, men for ein rimeleg penge om du nyttar dei fasilitetar vi kan tilby.

Du kan også melde deg på kvart enkelt kurs. Sjå kurskatalog.

Du kan leige både kajakk og alt utstyr som kursserien krever. Opplys kva du treng og vi gjev deg ein gunstig leigepris.

Kommende kurs

Dato Påmeldingsfrist Påmelding
02.06.2017 - 29.10.2017 Ikke satt Påmelding

Kontaktpersoner

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har nokre spørsmål.

Administrativ kontakt
Trude Søilen
Fagleg kontakt
Eivind Ådland