Om Norsk Kystkulturakademi i Solund

NORSK KYSTKULTURAKADEMI AS vart skipa 11. april 2011 etter ein prøveperiode på to år. Akademiet ligg i Noregs vestlegaste kommune, Solund, ein øykommune ved innløpet til Sognefjorden. Med 1700 øyar, holmar og skjer og ein særprega natur, er kommunen eit paradis for friluftsliv, båtliv og ikkje minst opplevingar med kajakk.

Akademiet har som hovudmål å ta vare på, formidle og vidareutvikle lærdomen som ligg i kystkulturarven, bygt på dei store naturgjevne ressursane som Solund har å by på.

Akademiet tilbyr:

  • Kompetansegjevande undervisning på universitets- og høgskulenivå i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og andre.
  • Undervisning for vidaregåande- og grunnskulenivå.
  • Kurs i ulike fag knytt til kystliv, handverks- og arbeidsteknikkar.
 

Siste nytt

Andre om NKKA

Jeg har vært i Solund og padlet, og det var en opplevelse. - Fantastiske muligheter for padling og andre aktiviteter!