Grunnkurs havpadling 27.-28.juni 2019

From NOK 2'300

Grunnkurs Hav

 

Har du lyst til å padle i eit av Norges mest attraktive padleområder?  Kom til Solund og delta på Grunnkurs ! Lær deg å padle kajakk samtidig som du får oppleve den fantastiske skjergarden i Solund, heilt lengst vest i landet, der den mektige Sognefjorden opnar seg og møter den barske Nordsjøen.

Du kan leige alt nødvendig utstyr til kurset hos oss. Kursdeltakare får rabatt på vanlege leigeprisar, og betaler bare kr 800,-  for 2 dagar. (inkluderar kajakk, åre, spruttrekk, vest, drakt, padlesko, padlejakke,hanskar og vasstett pakksekk, årepose og pumpe)

Ingen forkunnskaper er nødvendig. Dette kurset anbefalast både for dei som aldri har padla kajakk før, eller dei som har prøvd seg litt allereie og ynskjer å forbetre ferdigheitene sine. Du får ein grundig innføring i kva som vert kravd for korte og lengre kajakkturer - som padleteknikk, trygg ferdsel på havet, sikkerheit og redning.

Fullført kurs gjev padleforbundet sitt Våttkort, og kortet blir registrert hos padleforbundet. Dette er eit bevis på at du har dei kunnskapene som vert kravd for å vere med andre padlere på tur. Det gir også moglegheit til å leige kajakkutstyr hos klubbar og utleigare over heile landet. Våttkortet koster 100 kr.

Kurset startar i Kystkulturakademiet sin sjøbu i Hardbakke havn kl 11. Vi kjem til å vere to fulle dagar på sjøen i fantastiske omgjevnadar! Kurset vert lagt opp som turar. Vi gjer fleire stopp undervegs og instruktørane våre fortel blant anna om naturen og den rike kystkulturen i området.

Det kan framleis  vere kaldt i vatnet, så vi anbefalar at du bruker våtdrakt eller tørrdrakt.  Ikkje bruk klede av bomull, dei varmar ikkje når dei vert våte! Du bør og ha med deg ein tjukk varm genser/jakke, sokkeskift og ein varm lue. Ellers treng du ein stor og god matpakke, litt snaks og gjerne noko varmt å drikke. Ein flaske med vatn er og lurt. Du får låne vastette sekkar hos oss.
 

Kurshaldar: Wannes Nouven,Trude Søilen

From NOK 2'300

Book Now!

For å sikre ein god oppleving som gjev meirsmak  er kurset lagt opp som ein tur.

Padling er i fokus, og bergingsøvingar trenger ikkje drillast. 

Deltakarane verte kjend med verdien av å padle i ein gruppe, lærer enkle tryggleiksrutinar, teknikkar og øvingar, samt korleis ein effektivt manøvrerer kajakken.

Les meir om grunnkurs hav og våttkortstigen på Padleforbundet sine sider: Norsk Padleforbund

 

Highlights

Hovudmål

Deltakaren introduserast til kajakken og utstyret. Etter kurset har deltakaren gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. I tillegg er deltakaren kjent med enkle tryggleiksrutinar og øvingar, samt korleis ein effektivt kan manøvrere kajakken.

Delmål

  • Løfte, bære, sjøsette og entre kajakken
  • Effektiv framoverpadling
  • Bakoverpadling og stopp.
  • Sideveis forflytting av kajakken.
  • Lavt støttetak.
  • Styretak (bak).
  • Sving (sveipetak og styretak).
  • Ilandstigning.
  • Sikring av kajakk etter ilandstigning
  • Bergingsteknikkar
  • Skadeførebygging
  • Planlegging av enkel tur som skal gjennomførast
  • Generell tryggleik og grunnleggande sjømannskap
  • Generelt om friluftsliv og Allemannsretten
  • Sporlaus ferdsel

Varighet: 16 timer.

 

Route

  1. Hardbakke